Kristin R. Vangen

Det er få personar som kan spre ein slik glede som Kristin kan. Det er òg den gleden eg no vert møtt med når eg spør om eg kan intervjue denne livglade jenta! "sjølvsagt", runger det!




Kristin er etterkvart begynt å etablere seg meget vel på Kongshaug. Ho har lagt bak seg det første året på Kongshaug, og synst det er kjekt å kunne vere meir etablert og rutinert i miljøet. Eg tok meg den frihet å stille ho nokre spørsmål.

Eg spør kva Kongshaug har betydd for ho så langt. " Det har betydd mykje for meg, og mykje meir enn nokre andre skular. Her er både fritid, hobby, venner, heim og skule på ein plass. Det er rett og slett livet mitt", seier Kristin noko ettertenkande. 
Med tanke på at dette er livet til så mange, lurar eg på kva som er så bra med Kongshaug, Kristin treng ikkje tenkje for å komme med svaret. " Det er folka som gjer denne plassen unik. Humoren, musikerene og alle dei evig varande vennskapa som oppstår her, det er det som er fantastisk med denne plassen"!

No har det jo seg sånn at Kongshaug er ein skule, då er det naturleg å spørre om du har lært noko på denne skulen?

"Eg har lært at det ikkje funker å synge og pusse tenner midt på natta, då vert ein ikkje særleg populær. Dessutan får ein òg høyre det visst ein dusjar òg syng samtidig", seier Kristin med ein påfølgande latter.

Etterkvart som Kristin opnar seg, skjønner eg kva påfølgande spørsmål må vere. Eg lurar sjølvsagt på kva film Kristin ville valgt mellom "Camp Rock" og "High School Musical". Kristin er ikkje i tvil, det vert sjølvsagt "High School Musical".

Men kvar ser Kristin seg om 10 år, tenkjer du kanskje?

Kristin ser seg då ferdig med psykologistudier, og skal til å ha sin første opptreden på Broadway. Så skal ho sjølvsagt bu i Bergen sammen med ei lita gneldrebikkje, som ikkje får vere med i veska!

Det er viktig med store mål i livet, samstemmer me!

Kven vil du utfordre til neste "vekas profil"?

Det må bli....(Trommevirvel) Mathias Olsen


Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS