Lars Martin Flekstad Vik
ein tidlig morgon, langt vekke...
Klokka er 07:28. Me har allereie vore oppe i tre timar, og med fem intense dagar på skuldrene frå før lokkar senga ekstra mykje nett nå. Rundt oss svirrar mange ansikt og historiar me aldri kjem til å få høyre. Eg og Lars Martin F. Vik trekkjer oss til sida på ein einsam benk for å prate litt. Plassen er Gatwick Airport, London.
Korleis er det å vere elev på Kongshaug?
Lars Martin kan fortelje at han har opplevd å kome raskt inn i miljøet, og sidan det berre er omlag 90 elevar er det lett å få god kontakt med alle. Mange av elevane kjem frå kristne heimar og det er trygt å kalle seg kristen, men eg skulle gjerne sett at det var endå meir fokus på det som har med den andelege veksten og trua til elevane å gjere, oppsumerar Lars Martin.
Frukosten denne tidlege onsdagsmorgonen er ein skalldyrsandwich som går ned på høgkant, og med magen framleis svakt romlande fell det naturleg å snakke litt mat. Eg spør kva som har vore høgdepunktet gastronomisk sett.
Du bør kanskje ikkje skrive det, men eg synst middagsmenyen til tider kunne vere vel utfordrande. Maten var rett og slett litt for utenlandsk. Kontinental frukost med lyst, rista brød og syltety var litt downside den óg. Det beste må nok ha vore Pizza Hut første dagen.
Om me ser vekk frå maten, kva sit du igjen med?
Turen har nok vore veldig viktig for miljøet på heile skulen. Eg har blitt betre kjent med klassen, spesielt då me besøkte spøkjelseshuset the London Dungeon. Utanom det har det vore ein innhaldsrik tur med konsert, musikalar, gudstenester og masse bra folk.
Noko du vil seie til kongshaug.no?
Gud er god! Han har skapa oss og gjeve oss fri vilje!
Kongshaug i tre ord?
Fengslande, koseleg og fantastisk!
Og neste Vekas Profil?
Tommy Lepsøy
Skriv ut artikkelen