Tommy Lepsøy
Det er ikkje alle personar som har ein like stor iver etter merksemd her på Kongshaug. Det er nemleg ein del som likar å løfte andre opp, og plassere dei fram i ljoset. Det er ein slik mann me skal ta for oss denne veka.
Utanom musikken er det motorsyklar og ski som har fengsla Lepsøy, og han vonar at han har lappen på 125 etter jul ein gong. Det kan jo komme godt med i eit evt vilt scenshow når unge Lepsøy skal opptre i den vide verda, for det er det som er ønsket.
"Eg ønskar å leve av musikken", fortel han. Sidan eg ser at samtalen har oppnåd eit visst klimaks spør eg kven som er favoritt miljøarbeidaren, det skulle fort bli eit antiklimaks. Det blei ingen kommentar, men det er kanskje best. Desse sivilarbeidarane kunne jo kjend seg ekskludert.
Då eg spør kven han vil utfordre til neste vekas profil er han kjapp. " Det må verte Halvard Berge"!
Sidan denne vekas profil er av dei som ikkje opphøyer seg sjølv, men gjer alt for å opphøye andre, har det slett ikkje vore lett å finne denne unge mannen. Likevel etter langt om lenge og lenger enn langt, fant eg han på korøving. Han var godt gøymt mellom altar,tenorar, melismar og andre godt dekkande ord.
Tommy kjem frå Lepsøy, og er dermed den som har lengst veg til skulen. Han visste lenge at han ville drive med musikk og dermed var turen til Kongshaug kort. Sjølv beskriv han skulen som utfoldande, inspirerande og flott. Han imponerte forøvrig stort då han steig fram med gitaren allerede første veka! Mr. Lepsøy trivst godt bak gitaren og ser på seg sjølv som ein musikkglad, snill og grei type. Det kan nok dei fleste sei seg enig i at er gjeldande for denne karen.
Skriv ut artikkelen