Londonturen 2010

Streets of London...

Oppdatert: (20.10.2010)



Endeleg heime igjen. Etter 5 intense dagar i storbymetropolen er det ekstra godt å kunne senkje skuldrene, trekkje inn stilla som berre blir brutt av det piskande vestlandsveret mot vindauga og vite at det er over ei veke til skulekvardagen innhentar ein igjen. No skal eg berre kvile.

Kvart tredje år plar Kongshaug arrangere ein Londontur for elevane. Dette året var ikkje noko unnatak, og fulle av forventningar satte me oss på flyet med nasa mot vest. 

Dagane her i den nest største byen i Europa var spekka med byvandringar, museumsbesøk og spennande marknadar, klassisk konsert i St. Martin-In-The-Fields på Trafalgar Square, høgkyrkjeleg Evensong i den majestetiske St.Paul Cathedral og pulserande gudsteneste i Hillsong Church London. Kvar dag åt me middag ute, og elevane fekk brynt ganen på både indisk, meksikansk og tradisjonell, nydeleg, engelsk middag; med yorkshirepudding.

Sidan me var i Europa sin musikalhovudstad var det ingen veg utanom. Me sit igjen med ein sjølvsikker "Chicago", ein leiken "We Will Rock You" og ein søt og sjarmerande  "Billy Eliot".

kongshaug.no takkar for turen og ser fram til neste reis


Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS