Juleverkstad
"og mens smør og sukker og sirup skummer, tar man tolv eggeplommer, som man rører ut i gryta med tre kilo hvetemel"
Ved
Sindre Minde
Oppdatert:
(17.12.2010)
KE og sivilSindre bretta opp ermene, smelta sukker, sirup og smør, og vips så var det duka for pepperkakebaking i matsalen. Hjarter, grisar, stjerner og gitarar var mellom favorittane hjå dei som var med denne kvelden. Når verka var vorte fine og gylne stod pynting for tur med melis, seigmenn og nonstop.
Søndag arrangerte Turid ein heidundrande juleverkstad, der ein kunne klyppe, lime og fargeleggje til all kreativiteten hadde fått utløp. Mange elevar nytta seg av tilbodet, og kanskje skal du sjå at det ligg eit julekort med ditt namn gravert i glitterlim og tova ull under juletreet i år.
Undervegs i juleverkstaden vart det og ein intimkonsert med samspelgruppa til Turid. Her var det mykje fin klassisk musikk, og nokon juletonar hadde og sneke seg inn her og der.
Skriv ut artikkelen