God jul
To all of you, from both of us. Ei julehelsing frå to sivilarbeidarar.
Ved
Olav Brennsæter
Oppdatert:
(21.12.2010)
Det er ein fin tysdag føremiddag på Kongshaug, pudderet legg seg lett over parkeringsplassen. Men internatene er mørklagde, og matsalen er heilt tom. Ingen kjem springande til paviljongen i siste liten, idet lunsjen sluttar. Det har vore stille på alle øvingsrom i dagevis. Ein vaktmeister, ein økonomisækreter, og ein sivilarbeidar hist og her er alt som er att av det som pleidde å vere eit yrande liv av elevar, lærarar og ymse anna personale.
Det klirrer i metall. Hammer mot brekkjern. Sivilarbeidarane tek fatt på enda ei økt. Riv ned ein vegg i låven. Fjerner nokre taklister. Arbeidet går tregt. Det er i slike tunge stunder, når dagane er mørke og korte, men kjennest lange, at me må sjå framover. Sjå mot lyset og våren. Sjå at ein gong der framme skal Kongshaug atter fyllast med liv, leik og song. Ein dag kjem elevane, og då vert det fest. Men inntil då kan dei alle nyta ein velfortent ferie og slappa godt av.
Ha ei god, riktig jul, og kom snart attende!
Helsing to (litt einsame) sivilarbeidarar.
Skriv ut artikkelen