Måneskinnstur
Det var ein stormfull aften(berre minus storm, og full). Månen stråla klår bak skyene, som hadde tømt seg for vatn dei siste par dagane. Men no kvilte dei , for ungdomen på Kongshaug skulle ut på Måneskinstur.
Ved
Kristoffer Eknes
Oppdatert:
(28.1.2011)
Det var nok mangel på måneskinn denne kvelden, men like fullt som det mangla måneskinn, hadde parken fylt seg med faklar, bål, trekkspel og folk.
Folk hadde i fleire dagar vore i harde forhandlingar om å få seg ein å gå med. Det var til tider så harde krav at nokre måtte permittere seg frå forhandlingane ettersom påkjenningane vart for store. Men til tross for alle tøffe bodrundar ol, så fekk freden senka seg over forsamlinga før sjølve turen skulle byrje.
Det var heile 17 par som gjekk, beståande av vener, søsken, eller kjærastar og alle fekk pleia relasjonane med kvarandre og med familiemedlemer. Alle para skulle følgje ei rute, og kvar enkelt måtte ringe til foreldra av den ein gjekk med for å sei noko fint og oppriktig om deira dotter eller son.
Miljøtemaet vil rette ei takk til alle som deltok, og særleg Maria Sofie og Ane Selina for å lage postar til turen. Dessutan vil me og takke tredjeklasse v/ Marianne for organisering av par!
Skriv ut artikkelen