Soga om Pikenes Aften

I to uker har miljøTeamet mast om "Den store hemmelige tingen". Kongshaug.no gir deg hele historien. Eller, som det høver seg å seie, heile soga.

Ved Olav Brennsæter
Oppdatert: (24.2.2011)

Dette er soga om tredve unge, staute menn. Og det må vere klart; dei var skikkelege menn, høveleg oppsedne og kunnige i mykje som er godt å kunne noko om. Somme seier endåtil, at desse tredve unge mennene, på den tida soga vart til, ikkje var nokon ringare enn sjølve kongshauggutane! Dei hadde det godt, der på haugen. Dei arbeidde dagleg saman til alles beste, og det vanta dei ikkje på noko, korkje på fine rettar eller svalande drykk. Ja ein skulle tru dei hadde alt dei kunne ynskje seg i livet. Og likevel var det noko anna desse unge mennene sette hugen sin til. Dette som var så skjønt og vakkert at det trollbandt dei, og kunne taka opp i seg heile deira merksemd. For på Kongshaug hadde dei verdas vakraste, klokaste og aller elskverdigaste piker!

So hende det, då det tolvte året av Rektor Oddvar den Vidsynte si regjeringstid tok til, at dei unge mennene sette seg i hovudet å stella til eit gjestebod for pikene sine. Det skulle vera ein fest så stor og vakker som ingen hadde sett maken til. For slik måtte det vere, når ein skulle feire nokon som var så eineståande. Men dei ville gjerne overraske pikene, så alt måtte gå føre seg løynd, for at ingen skulle ane kva som venta dei. I fleire veker heldt dei seg stille og sa ikkje noko, mens dei tolsamt arbeidde fram mot dagen dei hadde sett seg ut. Dei skreiv talar, baka kaker, spelte og song. Nokon skreiv dikt, nokon førebudde seg mentalt på å taka oppvasken etter gildet, og atter andre laga bordpynt. Dette og endå mykje anna gjorde dei, og alt med den største vørdnad, i det dei alltid passa på og såg til at det ikkje var piker i nærleiken som kunne sjå eller høyre dei.

Og endeleg opprann dagen for det store selskapet, i den andre måneden, og på den treogtjuande dagen i det tolvte året av Oddvar den Vidsynte si regjering. Og det vart verkeleg ein fest som mangla sidestykke. Ein storslagen middag med ein "pikenes tale" som var audmjuk og full av ros var berre byrjinga på kvelden. Dessutan fekk kvar einaste pike eit lite kort med oppløftande lovord om henne. Etter dette vart alle pikene fotografert, slik det høver seg når piker er pynta opp i all si prakt.


Piker i Vg1 - Foto: Kristoffer Grindheim


Piker i Vg2 - Foto: Kristoffer Grindheim


Piker i Vg3 - Foto: Kristoffer Grindheim

Ikkje lenge etter fotograferinga var dei unge mennene klare med fleire overraskingar. I den storslagne villaen som kalles "fuglesang" vart pikene samla. Og her vart det framført mangt og mykje som kunne vere både fint og morosamt. Dei unge mennene spela og song, dei leika og lo, og så song dei litt til. Ein av dei hadde endåtil laga eit dikt, til den av pikene som han hadde sett hugen til. Då dei slik hadde sunge og spelt for pikene i tre fjerdingar av ein time var det framleis meir som skulle skje. For, som tidlegare er fortalt, hadde nokon av mennene baka kaker. Og ettersom kvelden nærma seg natt vart desse kakene sett fram, og der var mange smakar som det ikkje nytter skriva om med ord.

Til slutt song mannskoret der på staden ein song som var på eit framand språk, som mennene kalla engelsk. Og den songen kjem difor ikkje soga ved, for engelsk er, om ein skal tru det folk seier, eit språk som vert tala i eit fjernt land, vest for havet. Men det vert óg sagt, at denne songen var det som verkeleg kunne uttrykkje kva mennene følte for pikene sine, og at om ein forstod kva teksten tydde, ville ein verta fylt av age for pikene som var så fagre at dei fortente desse orda. Og dette kan det vera mykje sant i.

Her følgjer slutten av "Kvadet om Kvelden" slik det er overlevert oss av dei store diktarane:

Når gutar held gilde for pikene fagre
Vert rettane retteleg mindre magre
Dei spelar på strengar med leik og med lått
Rosen regnar, for gromord gjer godt

Når peisen er påtent og månen skin mild
Når bordene bugner og talen tek til
Når salane store er fulle av ljos
Er kvinnene klare for velfortent kos!


Og dette er den rette soga om "Den store hemmelige tingen", slik den er overlevert oss frå Olav Øysteinsson, sogediktar, skribent for kongshaug.no, og skald om ettermiddagane.

  
 
Øverst til venstre; miljø-kokken Anker, i midten; Kjersti og Ingrid Kristine, til høgre; Tormod
Nederst til venstre; Eirik får Aurora og Maria til å le, til høgre; miljøKristoffer saman med Mari og Ingrid
Foto: Marte Brennsæter/Marius Ringen



Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS