Gaither Vocal Band - In Oslo

For tredje gong inntok Bill Gaither Norge, og Oslo Spektrum. Kongshaugs "crèm de la crèm" var sjølvsagt på plass for å få med seg Gaither Vocal Band Live og <<Hvilken dag det sku bli>>.
 

Ved Kristoffer Eknes
Oppdatert: (20.3.2011)

Det er naturlegvis med forskjellige føresetnadar gjengen frå Kongshaug hadde. Nokre hadde vore på alle konsertane som hadde vore, nokre er vaksne opp med musikken og nokre hadde aldri hørt på dei og bestemt seg for å reise ca 12 timar før toget gjekk. Stemninga var heldigvis ikkje avhengig av stor kjennskap til fenomenet, for den var upåklagelig frå første stund!

Etter mange timar i tog, der skulebok, Gaither Dvd-ar, Filmar osv låg om ein annan, var me framme og klar til å ta Oslo med storm. Me blei møt av utallige tilreisande som hadde stilt inn kursen mot Oslo Spektrum. Nokre stemte i ”Ein fin kveld på Gaither i Oslo”(melodi: I’ll fly away), andre tok gitaren fatt og fyrte i gong "Min Jesus lever". Det slo nok fleire at dei var på veg inn til ein av tidenes mest spektakulære konserter, og det var nettopp det som skjedde.

Konserten byrja med Kevin Williams eminente gitartolkingar av diverse salmar, før Voice Of Joy leda den store forsamlinga i songen ”Namnet Jesus”. For ei mektig oppleving, og for eit vitnesbyrd det blei. Menneske frå 3-4 år og opp i vell 80 åra stod saman og song om det eine som betyr noko i denne verden. Det eine som aldri mister sin glans, men som varer frå æve til æve. Det eine som ikkje er av verda, men som kom til verda for å gjere oss rein og rettferdig fram for Gud. Det var Den Eine som vart løfta fram.

Då Vocal Bandet entra scena, slapp jubelen laus, og den ca 4 timer longe ”Jesusfesten” var i gong. Det var Han som blei hylla frå byrjing til slutt. Ein kan sei mykje fint om det ubegripelige prestasjonane til kvar enkelt. Og løfte fram stunder då den blinde Gordon Mote bankar laus på pianoet, då Wes Hampton drog til med ein dans, då Mark Lowry sette skoen på snyteskaftet til Bill og ikkje minst då David Phelps pressar seg opp i det høgste av det høgste. Alle gjorde store prestasjonar. Ikkje berre er det svært vanskelege harmoniar og dissonansar som blir gjort, men dei meiner det dei syng. Og til sjuande og sist, var det Han som var løfta opp.

 <<Min Jesus lever, derfor vil eg leve. Min Jesus lever, derfor er eg trygg>>.



Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS