Stille før stormen?

Ein seier ofte at før dei store tinga oppstår det ein underlig, stille, atmosfære.”Stille før stormen”. Vel, slik er det ikkje før foreldrefest og ”Messias-konsert” her på Kongshaug Musikkgymnas.


Ved Kristoffer Eknes
Oppdatert: (23.3.2011)



Tradisjon tru, skal det haldast foreldrefest på Kongshaug. Det er fantastisk å kunne vere saman med venner, familie og personale på ei og same tid. Ikkje minst det å sjå likskapar mellom born og foreldre, det skapar eit breiare bilete av kven kvar enkelt er.Men før alt brakar laus, så skal det gjerast førebuingar. Lys og lyd skal riggast, koret skal øve, dei forskjellige oppsettingane skal ferdigstillast, mat skal organiserast, program skal lagast osv. Alle på kongshaug er satt i arbeid, dag og natt. Og kvar enkelt må bidra for at det heile skal lukkast.  I år er det nok særskilt viktig at alle er topp fokuserte, for her er det verkeleg duka for ein heilaftan. 1.klasse skal presentere sine tverrfaglige prosjekt frå tidligare i år, 2.klasse skal framføre Grease og 3.klasse skal lede oss gjennom ein fantastisk konsert. I det heile vert det eit realt gilde.

I tillegg skal heile Kongshaugkoret framføre Messias i Nore Neset kyrkje søndagsettermiddag. Det heile vert framført med orkester og fantastiske solistar, både elevar og lærarar. Det vert ei hending som ein berre ikkje kan gå glipp av. Derfor vert det arrangert 2 konsertar, så at alle skal få med seg framføringa. Det heile vert framført med orkester og fantastiske solistar, både elevar og lærarar.Den første konserten startar kl.15.00 og er først og fremst for familien til elevane, pris: 100,- pr. stk.(evt.200 pr. familie). Den andre konserten startar kl 18.00 og er open for alle(pris:150,- pr. stk).

Ta deg tid til å komme for å høre denne fantastiske oppsettinga.
Me ser deg der.



Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS