Tankevekkjande Drama
Årets 1.klasse fekk i oppgåve å lage eit dramastykke på 48 timar. Og resultatet, vel det blei over all forventning.
Ved
Kristoffer Eknes
Oppdatert:
(30.3.2011)
Heile prosjektet var bygd opp som ein eksamen og gruppene bestod av seks personar. Dei fekk tildelt eit rom og ei oppgåve som eigentleg var grenselaus vid. Me i kongshaug.no redaksjonen har følgt med i heile prosessen, og veit litt av kor iherdig kvar enkelt har jobba med denne oppgåva. Stemninga har til tider vore svært nervøs og stressa, men kvar gruppe kom i land med gode resultat.
Då foreldrefesten nærma seg, nokre veker seinare, var stemninga ein anna. Aldri har eg sett ein gjeng som har vore så avslappa for eit prosjekt. Det vitnar nok mest om eit godt forarbeid i dei tidligare 48 timane, for resultatet blei utrulig bra. Ein kan vel sei at humor var eit stikkord, men likevel bar dramastykka med seg ei alvorleg sanning. Ei sanning om korleis avgudar har/er blitt tilbedt og korleis kvardagen til enkelte er i andre land, samt vårt eige land. Det som var mest imponerande var nivået som gruppene hadde i alle ledd. Regi, musikk, effektar, kostyme, skodespelarar osv. Det var rett og slett utrulig gjennomførte stykke.
Kongshaug.no vil gjerne få takke 1.klasse for ei fantastisk oppleving og vonar at de hadde det like moro som publikum.
Skriv ut artikkelen