Norsk Vår
Våren har vore inspirasjon til utallige musikalske høgdepunkt. Denne våren blei ikkje eit unntak, for det var duka for ”Norsk Vår”.
Ved
Kristoffer Eknes
Oppdatert:
(30.3.2011)
”Norsk Vår” var tredjeklasses bidrag til foreldrefesten, og bestod av fleire kjente og kjære musikalske innslag. I tillegg var det duka for fleire herlige dikt, som bant heile forestillinga saman. Sjølve prosjektet starta for alvor i byrjinga av mars, og ein kunne fort sjå ein samanheng mellom dei ulike innslaga. Målet var at alle skulle delta, noko som ikkje alltid er like lett. Løysinga var å sette opp 2 hovudband, nokre mindre ensemble, blåserekke, firehendig pianostykke og klassekor. I tillegg fekk alle songarane synge solo, eller duett. Dei heile virka vertfall svært gjennomført og blei løfta til nye høgder ved hjelp av lyd og lys (Arild Grindheim & Anker Gunnar Turøy).
Songane var òg i storgrad arrangerte av elevar som hadde gjort sin vri på forskjellige kjente songar. Kongshaug.no har følgt nøye med dei siste dagane før konserten og vil gjerne takke tredjeklasse for deira innsats på foreldrefesten. Klassen tok nemleg på seg ansvaret for å rigge opp PA, sceneelementa, og eigentleg heile salen. I tillegg har dei hatt folk som scenearbeidarar under heile foreldrefesten, noko som dei sjølve har tatt på seg. Så tusen takk til tredjeklasse for ein fantastisk innsats før, under og etter foreldrefesten!
Skriv ut artikkelen