Grease
I 1971 satt Jim Jacobs & Warren Casey siste punktum for ein 50-talls basert musikal, som seinare skulle bli ein kjent og kjær forestilling for mange. Kva musikalen heiter? ”Grease” er ordet.
Ved
Kristoffer Eknes
Oppdatert:
(06.4.2011)
På same måte som Jacobs & Casey satt og skreiv manuset i 71, satt eit utval 2.klasseelevar og bearbeida manuset 40 år seinare! Elevane tok å la ”grease-historia” til Kongshaug, noko som gav dei mange strengar å spele på. Kven skulle trudd at Danny Zuko gjekk på Kongshaug? Han skulle jo eigentleg gå på Framnes.
Oppsettinga blei ein braksuksess, ettersom alt var nøye planlagt og hardt jobba med. Koreografien, musikken, replikkane, alt var kommen på innsida og satt som eit skot. I tillegg hadde elevane sjølve redigerte manus, arrangert/spelte musikken, laga koreografi, og tatt regien i eigne hender. Det var rett og slett imponerande! I tillegg var det mange som glimta frampå med store prestasjonar som skodespelarar.
Me frå Kongshaug.no er særs imponerte over den høge standaren som stykket holdt. Likevel er me mest imponerte over innsatsen, det harde arbeidet, den gode stemninga og den oppmuntrande holdninga som klassen hadde ovafor kvarande! Det er inga tvil om at alle ville hjelpe kvarandre fram til målet. Tusen takk for ein underhaldande time!
(Bileta er henta frå forestillinga og generalprøvane).
Skriv ut artikkelen