Ida Buene

Internatet. Ein heim for oss...

Ved Olav Brennsæter
Oppdatert: (18.4.2011)



Har du nokon gong lurt på korleis det er å bu på eit internat? Ida forklarer gjerne for deg!
  - Det fyrste eg tenkjer på når eg står opp om morgonen er at eg gleder meg til å leggja meg att.. Det fokuset prøver eg å halda på gjennom det meste av dagen. Eg køyrer power-nap i alle fritimar. Heile livet vert rutineprega på eit internat; eit godt døme er frukosten. Eg får rett og slett panikk når dei ikkje har makrell i tomat (på små boksar; så klart). Då vert eg stående og stirrer apatisk framfor meg, og eg må spørje dei som er saman med meg kva eg skal gjere. Eg er ganske enkelt ikkje budd på å takle situasjonen sjølve. Og eg må ha lettmelk og majones til. Men det er det samme kva brød det er, eg vil jo ikkje vere kresen heller.
   Det beste med å gå på internat er nok det sosiale. Alle kjem på besøk til meg, for eg bur midt i gongen. Det verste med eit internat er rotet, som er veldig vanskeleg å unngå når alle kjem på besøk. Det nest verste med å bu på internat er musikken. (Den som kjem gjennom veggen utan at eg vil det, altså.

Her i uka kom våren til Kongshaug, men det gjorde og tentamenane. Kva slags tankar gjer du deg om det?
  - Eg er veldig klar for å verte ferdig med andre klasse. Det er kjekt å være eldst, det hugsar eg frå ungdomsskulen. Også får eg meir fri i tredje, eg er ikkje akkurat ein "MuF-type", om du skjønar. Det er litt vanskeleg å velje kva fag eg skal prioritere nå i innspurten, når me likevel har ca tretten avgangsfag.

Kva er, i dine auge, hovudforskjellen på ein undulat og ein katt?
  - Ja nå spør du rett person, for eg har faktisk hatt begge deler. Hovudforskjellen er jo at kattar er fantastiske dyr, mens undulatar rett og slett er håplause, noko av det verste som fins. Eg trur det er den viktigaste forskjellen. Også bråkar undulatar om nettene då.

Er det noko som verkeleg inspirerer deg?
  - Å spille kabal? Det gjev i alle fall avspenning. Når eg tenkjer på det, så føler eg meg eigentleg ikkje inspirert i det heile. Eg gjer stort sett det som er gøy, eg tenkjer ikkje på om det er noko meining i det.

Kva tannkrem brukar du, og kvifor?

  - Solidox, for den er skikkeleg sterk og smakar godt. Eg har prøvd first price sin, fordi han var billig. Men Solidox viste seg å være verdt kvar krone.

Beskriv Kongshaug med tre ord!
  - "Berre skriv Awesome"

Er det noko du vil seie til alle som les kongshaug.no?
  - At det var kjempetrist med det treet dei hogde mellom hovedbygget og Vestheim.

Og kven utfordrer du til neste vekas profil?
  - Solveig Engmark

Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS