RusseRebus
”Viktor blir etternamn”, ”17/5-11 kl 08.00”, ”kokkekurven” osv.
Seier dette deg noko?
Ved
Kristoffer Eknes
Oppdatert:
(05.5.2011)
I tre år har tredjeklasse budd her på kongshaug, i Os. Men kor godt kjende dei til plassane omkring? Miljøteamet tok ansvar og laga ein rebus som omfamna nokre sentrale plassar. Rebusoppgåvene gjennomgjekk nøye testing ved lærarlunsj ol. Dei fleste i personalet kom til kort i løysinga, så teamet rekna med at det skulle vere passe vanskelig for russen. Tredjeklasse fekk første rebus i handa, fylte 5 bilar, og kjørte ut i den store verda. Der var det duka for diverse oppgåver med varierande krav av smidigheit og kunnskap. Nokre ”anrop” om hjelp var berre å forvente. Alt i alt gjekk det smertefritt.
Då elevane var kommen att, stod grillen på bryggja. Det var duka for bryggje hyggje. Diktlesing, misjonsbevegelse mm, stod på programmet. Det heile blei eit kalas som var russen verdig. Me frå Kongshaug.no, vil gjerne takk russen for ein flott kveld saman. Lykke til med resten av russetida!
Skriv ut artikkelen