Ei helg i Mai
Våren er her! Det er faktisk gått så langt at nokre vil tørre å sei at sumaren har byrja. Sumaraktivitetane er vertfall tatt i bruk her på Haugen.
Ved
Kristoffer Eknes
Oppdatert:
(08.5.2011)
Helg er ei god tid for oss menneske. Det er då me kan samla oss saman til ei ny arbeidsveke. Det er då me har tid til gjere store prosjekt heime på eigedomen. På Kongshaug er det 48 timar som skal slåast i hel. Det er dessverre ikkje alltid like lett. Men når sola skinner, og gradene stiger, då er det meste lagt til rette for ein fantastisk dag. I tillegg ligger det eit fantastisk anlegg rett over brua frå Kongshaug. Der er sandvollyballbane, fotballbinge og kunstgrasbane. Alt er til rettelagt for ein fantastisk dag.
Og for å berre toppe det heile, kom Skarding-brørne med båt, vasski og musikk . Så der stod nokre ungdomar, på vasski i solnedgangen. For ei fantastisk tid dette er. Me vil gjerne takke familien Skarding for ein fantastisk aktivitet for oss her på Haugen.
“Don’t count every hour in the day, make every hour in the day count.”
Skriv ut artikkelen