OrangutangFestivalen

Kvart år vert det arrangert  ein festival for undergrunnsbanda på Kongshaug. Kva er vel eit meir samlande festival namn enn OrangutangFestivalen? 


Ved Kristoffer Eknes
Oppdatert: (18.5.2011)

På eit musikkgymnas med ca 90 elevar, er det nærmast umulig at det ikkje oppstår nokre band. Samtidig er det òg vanskelig å få opptre noko særleg. Sidan det då er så mange artistar og band som ligg i undergrunnen, er det naturleg å lage ein festival for desse banda. Det er òg i den anledning at fleire band har oppstått, nokre har til og med vara utover kongshaugtida.  Likevel, det viktigaste er det som skjer her og no, eller der og da!

Ingenting kan samanliknast med stemning av at ein heil skule står og heier fram venner og deira musikk. Mentaliteten er ikkje gi og ta, men det heile er eit lagspel. Eit lagspel der utøvar og publikum har eit og same mål, GOD STEMNING! Artistane er innom diverse musikkstilar, og det heile vert eit herleg mangfald for tilhøyrarar. Alt frå 22-cover til klangen av dei gode, gamle, salmeskattane. I tillegg dukkar det opp ein og anna sjølvskriven låt. Artistar som ”Marie” og ”Holy Cows” står med kunn sjølvskrivne låtar, låtar som er av høg kvalitet. Heile kvelden blei storslått! Og me vil gjerne takke ”Nærmest Nødvendig”,  ”Liv-Helene” mm,  ”Marie” og ”Holy Cows”.  Takk for ei stor oppleving, og takk til publikum!







Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS