17.Mai

Det er Noreg i rødt, kvitt og blått!


Ved Kristoffer Eknes
Oppdatert: (18.5.2011)

Klokka er 07.59, og skulegarden er full av elevar. Det kan jo indikere at det er ein litt spesiell skule me er på. Klokka slår 08.00 og alle elevar synger eller spelar til nasjonalsongen. For eit fantastisk syn å vere vitne til. Framtida heidrar fortidas fedrar, som har kjempa for landet vårt ved forskjellige anledningar. Det er som seg hør og bør ved ein slik høgtidsdag!

Seint i seng og tidlig opp har blitt eit motto dei siste par dagane på Haugen. Døgna er for korte til å sove bort, særleg når tida som russ nærmar seg slutten. Og det er ikkje det einaste som går mot slutten. For tredje klasse går mot slutten av si tid på Kongshaug. Om ein ikkje har eit høgst ambivalent kjensleliv, så får ein det vertfall med slike realitetar. Det gjeldt nok òg alle dei som skal ta farvel, og samtidig bli igjen.

Men livet er for kort til leve i framtida, det skal levast her og no. Og liv er ikkje mangelvare på Lepsøy. Elevane fekk tatt seg ut i 17.mai-tog, og seinare ved uendelige timars gange i Bergen. Nokre spanderte til og med på seg ein tur i Johanneskyrkja, for å nyte tonar frå Gospel Bergen. Det heile toppa seg når fyrverkeri mala himmelen i allslags fargar. For ei feiring! Men kva feira me?

Eg velgjer å svare for meg med ei lita songstrofe:

”Vaart Heimland i Myrker lenge laag,
Og Vankunna Ljoset gjøymde.
Men Gud, du i Naade til oss saag,
Din Kjærleik oss ikkje gløymde:
Du sende ditt Ord til Norigs Fjell,
Og Ljos yver Landet strøymde”.





Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS