Alt har sin tid

Tida er noko me ikkje ser og har kontroll over, men me forholder oss alle til den. For nokon er tida kommen, men for andre er den ute. For kullet 08-11, er tida på Kongshaug forbi.

Ved Kristoffer Eknes
Oppdatert: (19.6.2011)

Laurdag 18.06.2011, var dagen for den siste avskjed. Her skulle parkeringsplassen blautleggast av tårer. Men før alle tårene var det tid for musikk og glede. Talar, musikkinnslag, allsong, mat, prat og hygge, alt og alle var med på gjere dette til ein festdag. Elevane tok som vanleg ansvar og bar oss igjennom eit fabelaktig program i samarbeid med sine takknemlige lærarar. Me kjem nok alle til å hugse dei vene orda som blei delt oss i mellom. Til sjuande og sist, så er det lovord om kvarandre som er i majoritet. Og det fortel mykje om den fantastiske gjengen som no skal legge frå kaia og ut på livets hav. Deira kvalitetar er gitt dei i rikelig mon.

Me i Kongshaug.no vil berre få takke for dei fantastiske personane de er! Takk for at me har fått lov til å kjenne dykk og blitt glad i kvar enkelt, uavhengig av kor godt me kjenner den enkelte. Så vil me gjere som dykk gjor til oss, me vil be om Guds Signing over liva dykkar. Kjære lesar, vær med å legge desse fram i bøn og takk!

Alt har sin tid 
T: Solveig Leithaug

En tid til å danse 
En tid til å gråte
En tid til å stanse og tenke over tidens gåte
Som sier at alt har sin tid
Alt har sin tid.




Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS