Vekas Profil: Ingrid Hundvin Åsheim

Klokka er akkurat passert kvelds. Det er mørkt ute, paraplyane ligg vrengt i gangen, og kaffikoppen kan nytast med godt samvett. Sofakroken er inntatt, og ved mi side sit Ingrid Hundvin Åsheim. Ho går i 1. klassen og er snart ferdig med fyrste månad som elev ved Kongshaug Musikkgymnas. 


Ved Ingrid Kinne Solsvik
Oppdatert: (15.9.2011)

Hei Ingrid! 
Hei Ingrid ;) 

Korleis er det å bu på internat?
Gøy! Alle er i lag heile tida. Det er lærerikt. Eg blir på ein måte tvinga til å bli meir sjølvstendig. 

Er Kongshaug slik du hadde forestilt deg?
Ja, til og med betre enn forventa :)
Sidan systera mi har gått her, har eg besøkt skulen fleire gongar. Eg fekk fort eit godt inntrykk av Kongshaug. Miljøet virka så bra, folka var inkluderande. No er det så kjekt at eg har bli ein del av det. 

Kva syns du om lærarane på Kongshaug? 
Flinke. Dei fleste er motiverande... Andre er strenge.... Hmmm..

Og kva med miljøarbeidarane?! ;)
Dei er kjempebra! :D 

Det går mot haust...Liker du hausten? 
Ja, eg har bursdag i september, så hausten liker eg godt ;) Eg liker ikkje været som hausten plar ta med seg. Eg liker at hausten fort blir til vinter. 

Du har nettopp hatt bursdag. Fekk du noko nyttig? 
Ja, eg fekk ein del dvd`ar. Dei kjem godt med på regnfulle dagar. 
Av far fekk eg treningskle. Han syns det er viktig å halda seg i form. Så no har eg ingen unnskyldning lenger. Det var berre det været... 

Kva gjer du for å gløyme at det regner? 
Sit inne, høyrer på musikk og ser ut glaset. Haha. Nei, eg veit ikkje. Eg finn på noko inne.

Har du vore på epleslang i haust? 
Nei. Det har ikkje falt meg inn. Det freistar ikkje med sure eple. 

Har du merka noko til "kaffipresset" desse vekene du har budd her?  
Tja.. Eg har faktisk prøvd ein kopp, men det gjer eg ikkje igjen. Sjølv om eg hadde minst mogleg kaffi og mest mogleg sukker i koppen, vart det ikkje noko godt. Eg har ikkje behov for det, og eg liker det ikkje.  

Hausten er tida for å bli forkjølt eller sjuk... Men du held deg frisk? Tar du tran? 
Nei, eg held meg frisk utan tran. 

Kven utfordrar du til neste Vekes Profil? 
Johannes Nævdal



Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS