Dans på eple
Epleteater, eplesongar, eplevitsar, eplemuffins, epletur, eplemos og eplekos. Dette var berre nokre av epleaktivitetane som fann stad på Kongshaug sist helg. Hausten viste seg frå si beste side, og me følte ein trong til å hylle denne årstida. Kva passa då betre enn ein storsått eplefest?
Ved
Ingrid Kinne Solsvik
Oppdatert:
(21.9.2011)
Det var tid for å sette kreativiteten i sving. Det einaste me mangla var eple... Me spørte Os-veteranane på skulen om råd, og Norvald, som den allsidige musikklæraren han er, viste oss til eit STORT epletre, der me kunne gå på (lovleg) epleslang. Fangsten vart intet mindre enn tre kassar Close-eple. Elevane var kreative i bakevegen, og alt frå eplemuffins til grilla eple med uvisst fyll vart servert.
Eplefesten vart feira i det nyoppussa naustet nede på kaien. Epleosen sto til taket og elevane var alt anna enn eplekjekke. Det vart ein gjennomført eplefest med både epleteater og eplesong. Alle var eininge om at me hadde gjeve ein flott og velfortent hyllest til hausten, der me stod og leitte etter Karlsvogna.
På laurdag gjekk turen til Møsnuken der me kom ned igjen som fem tilsølte bønder og piker. Om ikkje anna, vart det iallfall ein skikkelig hausttur, der både sol og regn, gjørme og lyng, hoggorm og frosk kom framfor våre sko. Elevtroppen var ikkje stor, men me som var med klarte å underhalde oss. Ver og derav humør var skiftande, nistepakka var i kjendt turstil og froken forblei ein frosk sjølv etter mange håpefulle kyss.
Epla var igjen å finne i dei tilslørte bondepikene seinare på kvelden.
Søndagen er og blir ein kviledag :)
Flott ungdom, flott helg!
Skriv ut artikkelen