Vekas profil: Johannes Nævdal

Veke 38. Tredjeklassen reiste til Oslo. Andreklassen reiste på språktur til Barcelona og Berlin.  Førsteklassen var att på Kongshaug og hadde skulen heilt for seg sjølv. Førsteklassen og Johannes Nævdal. 
Johannes går i 2. klasse, men han har ikkje tysk eller spansk. Johannes kan nemleg japansk.


Ved Ingrid Kinne Solsvik
Oppdatert: (26.9.2011)

Korleis er det å vere forlatt på Kongshaug?
Det går opp for meg kor glad eg er i klassen min. Eg saknar dei. Men dei saknar sikkert ikkje meg for dei er jo i Barcelona og Berlin. Når dei kjem tilbake er dei sikkert triste fordi dei måtte forlate det store utland, mens eg er glad.

Kva gjer du på desse dagane? Har du fri? 
Eg fekk fri på mandag og tysdag. :) Men elles går dagane i montering av ikea-møblar. MYKJE ikea-møblar. Det er det einaste eg har gjort. Eg er veldig lei. 

Korleis er det å vere den eldste på skulen? Føler du deg eldre enn 1. klassingane?
Ja, eg føler meg eldre. Det er kjekt! 

1.klassing vs 2. klassing?
2. klasse er betre. Det var så slitsomt å gå i 1. klasse. 

Torsdag var bydag for 1.klassen. Dei var bla på VilVite-senteret, og på kvelden var dei i Grieghallen på konsert med Bergen Filharmoniske Orkester. Eitt av verka dei spelte var Mozart sin bassklarinettkonsert i A-dur. Dette var freistande å ta del i for mange og ein kvar. 

Johannes, korleis kom du deg med på konsert i Grieghallen? 
Eg fekk billetten til Olav Hundvin. Eg prøvde å hinte til at eg ville vere med på konsert, og han tok hintet ;) 

Fekk du lyst å byrja spele bassklarinett etter å ha høyrt Mozart sin bassklarinett-konsert?
Eg har eigentleg alltid hatt lyst å spele klarinett, og no vart eg minna på det igjen. Viss eg skulle spelt eit blåseinstrument måtte det blitt klarinett..
Ikkje bassklarinett altså? 
Nei. Klarinett. 

Kva syns du om stemming av store strykeorkester?
Eg syns det er koseleg. Det tyder på at konserten snart byrjar, og stemninga smyg seg sakte med sikkert fram. Stemning! 

Hadde du ei god konsertoppleving? 
JA! Eg likte 2. halvdel best. Komplett stigningskurve :) 

Har du ein yndlingsfarge? 
Vanskeleg spørsmål... Eg har alltid vore glad i raud, men i det siste har eg blitt meir glad i blå. Men raud... Nei, det er raud! 

Kan du seie noko på japansk? 
Sam på i ku nå tånå chii. (Det er kjekt å gå på tur.) 


Kven utfordrar du til neste vekas profil? 
Eg utfordrar Kjersti Vallan. 



Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS