Seinsumar på Haugen, del 2.
Elevane gjekk i shorts til butikken, alle hadde plutseleg lyst på is, plenane var farga av menneskekroppar som ville pleia brunfargen... Haust? Det var noko som ikkje stemte. MEN sjølv om me visste at det kom til å verte ei kortvarig glede, var alle flinke til å utnytte finveret som kom så bust på.
Ved
Ingrid Kinne Solsvik
Oppdatert:
(04.10.2011)
Elevane på Kongshaug har det alltid travelt. Anten må dei øve på hovudinstrumentet sitt, eller så er det noko lekser som må gjerast. Trass i dette var miljøteamet så frimodige og spurte om det var noken som ville bruke HEILE laurdagen med oss på fjelltur. Fangsten vart ei heil fyrsteklassejente. Ho ville ut på tur. Hurra! Me smurde nistepakka og bila i veg til Øvredalen. Jimmy var desverre ikkje å sjå, men me møtte mange andre hyggelege turgåarar (og andre hyggelege overraskingar) på vegen opp til Svinningen.
Alle var einige om at det hadde vore ein framifrå tur.
Skriv ut artikkelen