Tur til Tyskland 19.-23. september

Åtte flotte og to litt eldre på tur til Tyskland: Innimellom dei centimeter tjukke veggane på Boeing 737-800 sat me, ein samling av vidt forskjellige personer, nokon med flyskrekk, andre med trang til å snakke. Med beina godt planta på Tysk jord fekk me eit overblikk av den vakre byen gjennom vinduane på ein toetasjes buss. 


Oppdatert: (06.10.2011)

På tysdagen fekk me som oppgåve å gå i par til kvar vår bydel og observere og intervjue ymse personar. Om kvelden var me på konsert og høyrte b.la Mozart og Liszt. Onsdagen drog me på tur til Spreewald, ein bydel eit godt stykke utanfor Berlin. Dei som ikkje har høyrt om Spreewald veit ikkje kva som skjular seg i ein lita landsby ein time frå Berlin. Det me huskar frå Spreewald er to ting: Dei meget oppskrytte “Gurke” som eigentleg, til nokre sin skuffelse, berre er ein heilt vanleg sylteagurk, og så dei meget flotte sykkelstiane som svingar seg på kryss og tvers i landskapet.

Svette som me var drog me rett frå “Gurkens” heimland og rett på musikalen “Hinterm Horizont”. Det var ein sterk oppleving for oss alle, sjølv om ikkje alle setningane sagt med tyske, sære dialektar vart like godt forstått av gruppa. 

Sidan me og hadde ein blokkdag i Mip på turen, besøkte me eit instrumentmuseum med instrumentar frå barokken. Dette gav eit mykje større innblikk i musikkhistoria på 1700 tallet. Etter at hovuda våre vart fylt med barokk, såg me på Muren og fekk høyre litt historie, og bakgrunnen til 2. verdskrig. Deretter fekk me nokre timar for oss sjølv, der me kunne besøke eit av Berlins mange museum, eller gå på shopping. 



Turens siste kveld vart feira på ein koseleg og intim restaurant der me åt alt frå kylling til krabbe. Stemninga var upåklageleg og alle lo og koste seg. Stemningen nådde sitt høgdepunkt då ein av oss fekk servert ein is av andre dimensjonar (sjå nedanfor). Og me gjekk alle til sengs med ein følelse av velvære og følelsen av ein godt utnytta tur. 

Takk til Eirik Von Essen Norheim og Grethe Inger Berge som har brukt ei veke av sitt liv på tyskklassen i 2. klasse.  

Skrive av Lars Martin F. Vik. 



Print article Skriv ut artikkelen
  





VEKAS PROFIL


VEKAS PROFIL: DAVID SKUTLABERG
Det er rart kor produktiv ein blir med ein gong ein får på seg uniform. Eg sto over grytene og kokkelerte (iført kvite kokkekle) då David Skutlaberg kom inn på hovudkjøkkenet for å gjennomføre den siste vakta si som oppvaskmeister. Då alle arbeidsoppgåvene var gjort, sto eg igjen med eit ferdig intervju i handa. Om det var uniformen eller den fengande musikken som gjorde det, er endå uvisst. 
Les mer (07.5.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3





Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS