Vekas profil: Ragnhild Aune
Ved
Ingrid Kinne Solsvik
Oppdatert:
(06.10.2011)
Lett henslengt i stolradene i Oseana, det nye kulturhuset i Os, hadde Ragnhild og eg eit særs uhøgtidleg intervju. Kongshaug musikkgymnas var med på mrkeringa av verdsdagen for psykisk helse. Me brukte pausane godt.
Har du vore i Oseana før?
Nei.
Har du sett fram til denne dagen då du endeleg fekk sjå det kye kulturhuset i Os?
Nei.
Er du lei skule?
Ja.
Så ferie blir bra? Kva skal du gjere på i ferien?
Æ ska heim og såvvå.
Plar du sove i timane?
Av og til. Men det er ganske flaut, så eg prøver å unngå det.
Har du eit yndlingsfag?
Nei. Alle er heilt grei.
Yndlingsfarge?
Blå! Planen var å få eit gjennomført blått rom, men no er det rosa som er den dominerande fargen. Kva skjedde? Eg skal finne ut av det.
Er det vanskeleg å halda på trønderdialekten?
Nei, ikkje når Ingvild Amalie er her. Ho seier i frå viss eg seier noko feil.
Kva vil du seie er mest karakteristisk for deko trøndera?
Karsk, bart og skinnvest.
Føler du deg heima her på Kongshaug, trass i mangel på karsk?
Ja. Eg overlever.
Kva gjer deg glad?
Når andre er glad, blir eg glad :)
Er du glad idag?
Ja.

Ville du vore med Anker eller Gunnar til BunnPris?
Gunnar. Lett. Anker har ikkje bil.
Kva augefarge liker du best på gutar?
Blå.
Kven utfordrar du til neste «vekas profil»?
Anna Beate Leirvik.
Skriv ut artikkelen