Møtetid

Kongshaug er kjent for omgrepet «oss i bobla». Det er alltid like kjekt med besøk som kjem utanfrå. Oppmøte var difor godt denne torsdagen då det var ein ukjent gjest som skulle tala på møte. Ole Martin Pedersen, 74 år frå Grimstad. Han hadde levd livet sitt som lege og glad uvitane om ein kvardag som kristen. Heilt til nyleg tid... Og det var dette han ville fortelja oss om denne kvelden. 


Ved Ingrid Kinne Solsvik
Oppdatert: (13.1.2012)

Møte byrja lett og lystig med «Halleluja, min sjel er fri». Lars Martin (Vg2) leia oss gjennom kvelden med Bibelen i si høgre hand. Songen og Bibelverset for veka; «Kom til Jesus» og  «Joh. 3,16» laga ein underleg fin raud tråd gjennom møte. Forsamlinga song fleire songar, og med «Ja en gang mine øyne skal» blei det ein herlig «NRK-prosjekt» nostalgi i salen. Lars Martin hadde ein humoristisk google-presantasjon av gjestene for kvelden, så overgangen til talen blei smooth..:)

Talen blei framført i den kjente og kjære intervjustilen. Med Ole Martin sin trang til å prate, blei det mange interessante og utfyllande svar. Her er eit lite utdrag: 

Fortel litt om oppveksten din. 
Eg hadde ikkje eit aktiv kristen oppvekst, men eg gjekk på søndagsskulen, var med i KFUK/KFUM og Speidaren. Eg møtte av den grunn mange kristne personar, men eg hadde ikkje noko personleg forhold til Gud. Eg var ikkje villig til å gjera noko for å bli ein kristen, men eg var heller ikkje så langt vekke frå Han. 

Korleis var venekrinsen din?
Dei aller fleste venane mine var naturalistar. Dei nekta å tru at det er noko meir enn det naturalistiske. 

No er du kristen. Kva starta denne prosessen, og korleis fortsatte den? 
For om lag sju år sidan flytta den eldste sonen min heim. Han hadde blitt ein kristen, men det visste ikkje eg då. Han hadde gått på «Jesusbussen» i Oslo, blitt med på møte, og blitt omvendt, blitt fundamentalist. Han kom heim med ei overbevisande bibeltru, langt utanfor det som er politisk korrekt. «...Evolusjon er tull...» Eg merka at noko var annleis med han. Eg blei nysgjerrig. Det han etterkvart fortalte, måtte jo vere sant. Kva kunne elles vere forklaringa på at han var blitt så forandra? 

Sonen min hadde fiksa det slik at kona mi og eg skulle bli med på eit møte, og der skulle me bli frelst. Ein liten avsporing... Ein av dei få kristne kollegaene mine på jobben gav meg ein dag ei bok eg måtte lesa (ei alfabok).  Eg fekk seinare veta at han hadde bedt for meg i ti år. Denne boka gjorde meg meir nysgjerrig. Kona mi og eg fekk etter dette tilbod om eit alfakurs, og me takka ja. Eg blei meir og meir overbevist om at dette måtte vera sant. 

Den endelege avgjersla tok eg i i Minsk. Familien min var på tur for å oppleva Sovjetstaten slik den ein gong var. Sonen min spurte om kva standpunktet mitt var i kristentrua, og då tok eg ei endeleg avgjersle om å kjøre laupet heilt ut. 

Ole Martin hadde merka ei forandring i oppførselen til sonen sin. Etter at han sjølv hadde blitt omvendt, hadde han hatt èi serskild oppleving. Han hadde lagt i senga si og plutseleg kjendt på ein fantastisk indre ro. Han merka også at ting som før hadde vore kjekt, f.eks TV-program, ikkje lenger var så nødvendig å få med seg. Han hadde heller lyst å lese i Bibelen. Han valgte «Visjon Norge» framfor Grey`s Anatomy. Han hadde aldri trudd at han frivillig ville velja slik. Han følte også at han var blitt snillare. Dei «sinte periodane» hans blei kortare. Til og med sonen kommenterte dette. Han hadde endra seg. Sjølve personlegdomen var blitt forandra. ...Ei kilde av levande vatn som renn fram...

Det kreves ikkje ein enorm energi for å halda seg på «den smale sti» etter at ein er omvendt.  

Tilslutt fortalte Ole Martin om ei sterk oppleving han hadde hatt med kona si for ei tid tilbake:
Kona mi har lenge vore svært sjuk og gått på mange sterke medisinar. Sjukdomen gjer at organa i kroppen gradvis sviktar. Medisinane har hjelpt ho, men biverknadane blei etterkvart så skadlege at ho måtte kutte dei ut. Dette førte til at ho blei svært dårleg igjen. Ein kveld gjekk me på eit møte og høyrte på ein pastor som talte om «å lækje ved bøn». Han fortalte om ein mann som hadde vore lam i 20 år for så å bli bedt for. Etter det kunne han reise seg og stå på beina. Eg var 100% sikker på at det han sa var sant. 

Etter møte kasta eg meg over pastoren. Han måtte jo be for kona mi! Me gjekk inn på eit bakrom, den eine meir forskrekka enn den andre, og pastoren byrja be. Plutseleg stoppa pastoren og utbraut; «Nei, dette går ikkje. Her er det for mange ureine ånder. Er det nokon i familien dykkar som driv med noko okkult?» Me tenkte oss om, og kom fram til at det var jo kanskje det. Pastoren byrja be igjen, men denne gongen ba han på ein ny måte. Han klarte å bryta sambandet med dei vonde åndene.
Kona blei raskt betre. Men så gjekk det nedover igjen. Ledda hannar stivna heilt og hendene hennar var ikkje til å kjenne att. Noko måtte gjerast. Eg innvia litt olje som eg fann på kjøkkenet og smurde det på hendene hennar og ba om at all forbindelse med okkultismen måtte forsvinne. Neste dag var ho heilt frisk! 

Etter omvendinga har Ole Martin opplevd mange store ting: Lækjekunst, endra personlegdom, indre ro... Gudfeldigheitar... 

Alle nyomvendte får ein verktøykasse. Alle kan lækje. Alle har fått retten og sjansen til å bidra. 

Ef. 2. 1-10
Frå død til liv 
De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar.  2 De levde i dei slik ein gjer i denne verda, og lét dykk leia av han som styrer i himmelrommet, den ånda som no verkar i dei ulydige.  3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi følgde lystene i vårt eige kjøt og blod, vi gjorde det vårt kjøt og våre eigne tankar ville. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre.

     4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik,  5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han,  7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde og kor god han er mot oss i Kristus Jesus.  8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei. 


Den eldre generasjonen treng også møte Jesus. 

Takk for besøket og velkomen igjen :) 

Neste veke er det cellegruppa til Malin&co som står i spissen. Då skal me få høyra om Afrikaturen Malin hadde i samband med misjonsprosjektet. 

Og ikkje nok med det! I veke fire er det duka for møteveke. Den vil du ikkje gå glipp av. 

Oppfordring til alle elevar: Begynn å gå på møte. Viss du allereie går på møte; keep up the good work! Og neste gong.. Bring a friend ;) 



Print article Skriv ut artikkelen
  
Kongshaug Musikkgymnas Søknad

Velkommen til Kongshaug Musikkgymnas!

Les mer om skolen her


VEKAS PROFIL


Vekas Profil: Marie Thrana Tindstad
Marie Thrana Tinstad er mørk i håret, sort i klærne og kan ved første øyekast se litt skummel ut. Derfor turde jeg ikke intervjue henne IRL (in real life), og ble nødt til å ty til Facebook. 
Neida.
Vi er inne i det mildt sagt legendariske året 2012, og siden man må leve opp til den tiden man lever i, var det på sin plass at årets første "Vekas Profil" ble den første noen sinne foretatt på chat. 
Les mer (08.1.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3






Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS