Fotballturnering
Til Martin Ulltang si store fortviling vart det denne helga arrangert fotballturnering. Åtte lag stilte til start. Konkurranseinstinkt, kondis, fotballferdigheit, heiagjeng... Alt passa inn i musikkgymnasturneringa.
Ved
Ingrid Kinne Solsvik
Oppdatert:
(15.1.2012)
Turneringa gjekk over to dagar. Gjennom 28 kampar på seks min kvar, kom me fram til dei fire beste laga. Semifinale vart til bronsefinale som førte til finale. Det var ein nervepirrande kamp med to spreke lag som ikkje ville sleppe inn mål. Stillinga vart tilslutt 2-1. Marius, Marie og Karoline spelte seg gjennom turneringa utan tap og vart difor velfortente vinnarar. Gratulera! Dei får reise på Peppes Pizza for å få tilbake reservelageret dei eventuelt mista i laupet av helga.
«Oss i NLM»-laget som vart sett på som dei sterkaste konkurrentane før turneringa, vart slått ut allereie før sluttspelet og måtte bite i det sure eple og sjå Terje Kleppe&the blondies suse forbi i ein irriternade fin stil.
Alle skiltes som støle venar.
Skriv ut artikkelen