FEST HOS MANGE III
Denne fredagen var det øvre Austheim som inviterte til «fest hos mange». Det tok heilt av!
Ved
Ingrid Kinne Solsvik
Oppdatert:
(22.1.2012)
Alle gjestene hadde fått beskjed om å ta turen innom google før dei kom. Det var nemleg duka for TogaParty. Fredagselevane hadde kledd seg opp i den kvitaste stasen med gull og grønt som tilbehøyr.
Me vart ønska velkomne av seks greske gudar med druer på sølvfat. Dei geleida oss vidare opp til fotografering, etterfulgt av eit fullt dansegolv. Viss noken vart lei alt mas og kjas, kunne dei ta turen innom «Seven minutes in heaven» -rommet og legga hovudet ned på ei rosa sky.
Limbo, plipp-plopp-leiken, kåring av beste kostyme, forfriskningar, leik og latter gjorde kvelden komplett.
Tommelopp!
Skriv ut artikkelen