INNTAKSREGLEMENT  FOR KONGSHAUG MUSIKKGYMNAS

Alle søknader om elevplass på Kongshaug Musikkgymnas vert avgjort i hht. dette reglementet. Reglane er utarbeidd spesielt for Kongshaug Musikkgymnas med heimel i skulen sin rett til å laga sitt eige inntaksreglement jfr. Privatskulelova (PSL) §3-1, 3.ledd. Hovudprinsippa samsvarer med reglane i Rundskriv U-dir-5-2010.

Generelt

§ 1       Skulen har heile landet som inntaksområde (jfr. PSL §3-1) og søknad skal sendast på skulen sitt søknadsskjema direkte til skulen. Søknadsfrist er 1. mars. Søknader om inntak på særskilt grunnlag, må sendast heimfylket med kopi til Kongshaug musikkgymnas. For desse søknadene er fristen 1. februar. Ein elev som vert teken inn på Kongshaug Musikkgymnas brukar av retten sin til vidaregåande opplæring(jfr.PSL§3-2)

 Vidaregåande kurs 1 (Vg1)

§ 2       Ved inntak til Vg1 vert karakterar frå grunnskulen lagt til grunn. Avslutta fag frå 8. og 9. klasse og summen av karakterane for 1. termin i fag som vert avslutta i 10. klasse, vert lagt saman.

            Følgjande fag vert medrekna;

            1. RLE                                                  6. Engelsk, skr.                   11. Kunst og handverk

            2. Norsk hovudmål, skr.                  7. Engelsk munnleg          12. Kroppsøving

            3. Norsk sidemål, skr.                      8. Samfunnsfag                  13. Mat og helse

            4. Norsk munnleg                             9. Naturfag                           14. Spa/Ty/Fr eller

            5. Matematikk                                    10. Musikk                                   Eng/No fordjuping

                         

            Summen av talkarakterane i desse faga, vert lagt saman, delt på talet oppnådde karakterar og deretter gonga med 10.

§ 3       Inntil halvparten av elevplassane på Vg1 kan verta tildelte elevar etter musikalsk dugleik (demo) eller fordeling på instrument og/eller kjønn. Elevar som kan dokumentera leiaroppgåver innan song og musikk i kristent arbeid, kan prioriterast inn på denne kvoten. Det kan også misjonærbarn.

§ 4       Rekkefølgja for prioriteringa er som følgjer; Karakterar, instrumentfordeling (eks. band/ stryk/blås), demo,  leideroppgåver, misjonærbarn og kjønn ved skeivare enn 70/30.

               

Vidaregåande kurs 2 og 3 (Vg2 og Vg3)

§ 5       Ved inntak til Vg2 og Vg3 vert karakterutskrift for relevant Vg1/ Vg2 lagt til grunn. For søkjarar som er i gang med slikt kurs, tel terminkarakterane frå 1. termin.

§ 6       Elever som går på Kongshaug, har automatisk rett til ein skuleplass i Vg 2 eller Vg 3 dersom dei har oppnådd beståtte karakterar i alle fag.

Klageadgang

§ 7       Avgjersle om inntak er enkeltvedtak etter Forvaltningslova §2, og departementet ved Fylkesmannen i Hordaland er klageinstans, Jfr. PSL § 3-1, 6. ledd og Forvaltningslova kap. VI. Skriftleg klage må sendast via skulen.

Revidert og godkjent i styret for Kongshaug 16.03.2011



  
Kongshaug Musikkgymnas Søknad

Velkommen til Kongshaug Musikkgymnas!

Les mer om skolen her


VEKAS PROFIL


Vekas Profil: Marie Thrana Tindstad
Marie Thrana Tinstad er mørk i håret, sort i klærne og kan ved første øyekast se litt skummel ut. Derfor turde jeg ikke intervjue henne IRL (in real life), og ble nødt til å ty til Facebook. 
Neida.
Vi er inne i det mildt sagt legendariske året 2012, og siden man må leve opp til den tiden man lever i, var det på sin plass at årets første "Vekas Profil" ble den første noen sinne foretatt på chat. 
Les mer (08.1.2012)


ANDAKTEN

"Vet du hvem Malkus var?"
Les hele andakten


Kongshaugbladet:

2010Nummer 3

2011: Nr.1  Nr.2  Nr.3



 

Kongshaug på Nrk Åpen Himmel:

2010: Program 1   Program 2 

2009: Program 1   Program 2   Program 3






Kongshaug Musikkgymnas logo

Sentralbord: 56 30 37 80
Faks: 56 30 37 81
E-post: orotvik@kongshaug.no

Postadresse:
Kongshaug Musikkgymnas
5216 Lepsøy

Besøksadresse:
Lepsøyneset 10
5216 Lepsøy
Kongshaug Musikkgymnas logo

Nettløsning og design er levert av ViaNett AS