
Foto Team Kongshaug
Vi har alle sett Pål Trulsen og gjengen i aksjon, men få av oss har sjølv fått prøvd seg i curling. Med ferdig is på fotballbanen, gjenstod bare smådetaljar før vi hadde smelta i saman ein fiks og fin curlingbane! Curlingsteinane laga vi av vatn og gamle plastrøyr, som vi la i nokre gamle plastboksar, og satte på frysaren til frysing.
Vi delte oss inn i to lag, Team Curly og Team Hunter.
Team Hunter gjekk friskt ut, og starta fyrste runde med 1 poeng. Med litt ujamn og glatt is, vart det eindel rundar utan poengfordeling i det heile tatt. Men då vi nærma oss slutten, tok Team Curly seg saman. I runde 6 la dei 2 steinar i sirkelen, og gjekk opp i 2-1 ledelse. Dette fekk Team Hunter til å vakne, og dei klinka då til med 1 poeng i den 7. runden.
Klokka byrja då å nærme seg innetid, og vi måtte avslutte spelet. Med 8. runden som finalerunde vart spenninga heva eit hakk. Team Hunter måtte tilslutt sjå seg slått av nervene, og gjekk tapande ut av duellen. Team Curly kunne derimot gå å leggje seg i seiersglansen!