Skip links

Internatreglement

Internatreglement Kongshaug Musikkgymnas

 

  • 1 Generelle rettar og plikter

For at ein elev skal kunne bu på internatet, må eleven vere i stand til å klare seg sjølv. Dette betyr å stå opp om morgonen, komme seg på skulen, delta på måltid, halde rom og eigne klede reine, ryddige og luktfrie og delta i sosiale aktivitetar. Det vil på individuell basis bli vurdert om elevar, som av ulike grunnar ikkje klarar dette, kan fortsetja å bu i internatet. Rektor har myndigheit til å fatte vedtak om utflytting. Styret er ankeinstans for slike utflyttingsvedtak.

Foreldre skal varslast om elever som blir sjuke eller er borte frå skulen over fleire dagar. Det same gjeld elevar som blir innlagt på sjukehus eller annan behandlingsinstitusjon. Dette gjeld også for elevar som har fylt 18 år. Elevar som i løpet av skuleåret blir sjuke eller slitne, kan bli pålagt å reise heim for å få kvile.

På eit internat bur mange tett saman og god orden og godt reinhald er viktig for både helse og trivsel. Saman med dei tilsette har elevane eit sjølvstendig ansvar for å skapa eit sunt og triveleg miljø og det er skulen sitt ansvar å utstyre alle rom etter gjeldande mal.

Det er ikkje tillate å ha husdyr.

  • 1.1 Internathyblane

Leigebuar har ansvar for orden og regelmessig reinhald på rommet sitt. Internatleiar ved skulen har høve til å halde regelmessig tilsyn med rommet.

 

  • 1.2 Fellesansvar

Leigebuar tek del i desse fellesoppgåvene:

  1. Oppvask etter fellesmåltid
  2. Orden og reinhald på fellesromma etter fastsette instruksar og turnusliste
  3. Ansvar for å halde områda rundt skule og internat frie for søppel

 

  • 1.3 Måltid

Det må vere ro og orden i matsalen slik at måltida vert triveleg for alle. Etter måltida ryddar kvar enkelt etter seg og har ansvar for å vere orientert om turnus for kjøkenteneste.

 

  • 2 Internatkontrakt

Ved byrjinga av kvart skuleår, vil elev og skule inngå ein internatkontrakt. Eleven pliktar å halda seg til denne kontrakten så lenge han/ho bur på skulen sitt internat.

 

 

 

  • 3 Omsyn til andre

Skulen si målsetjing er at internatet skal vere ein heim der det er gode bu- og arbeidsvilkår. Dette tilseier at ein må respektera andre sin trong til arbeidsro, kvile og søvn. Alle bebuarar har ansvar for å visa omsyn ved bruk av musikkinstrument, stereoanlegg og liknande. Misbruk kan føra til inndraging.

 

  • 3.1 Ettermiddag

Måndag til torsdag kl. 17.00 –19.00 skal det vere arbeidsro i alle internat. Musikk og lydanlegg skal vere avslått eller ha så lavt volum at andre ikkje vert forstyrra.

 

  • 3.2 Kveldsrutinar

Låsing av skulebygg og internat skjer kl. 22.00 før skuledagar og kl. 24.00 før fridagar. Leigebuar skal vere på plass i si internatavdeling før internata vert låste. Elevar i Vg3 kan gjere avtale om lån av nøkkel viss ein kjem tilbake til skulen etter låsetid.

 

  • 3.3 Uønskt seksuell merksemd

Ingen på skulen skal oppleva uønskt seksuell merksemd frå andre. Brot på denne paragrafen kan medføra oppseiing av leigekontrakt. Sjå også «Tiltaksplan mot uønsket seksuell oppmerksomhet».

 

  • 4 Brannliste, melding om bortreise og feriar

Brannlister heng ved inngangen til alle internata. Desse skal sørgje for oversikt og tryggleik i alle situasjonar. Leigebuar skal dagleg registrere seg når dei kjem inn på internatet for kvelden. Registreringa skal berre utførast personleg og etter registrering går ein ikkje ut av internatet. Overnattingsgjestar må førast opp på brannlistene!

 

  • 4.1 Melding når du reiser bort

Leigebuarane har ansvar for å melda frå når dei reiser bort. Ein skriv seg ut på eige skjema som heng i matsalen og på brannlistene.

 

  • 4.2 Feriar

Internatet er stengt i alle feriar. Internatbuarar har då ikkje høve til å vera i internatet.

 

  • 5 Snus, røyk og rusmiddel

Skulen er snus-, røyk- og rusfri og elevane skal ikkje oppbevara, bruke eller vere påverka av rusmiddel på skuleområdet, eller på turar i skulen sin regi. Kongshaug gjev melding til foreldra om elevar under 18 år bruker slike stimuli.

 

  • 6 Ansvar for eigedelar og erstatning
  • 6.1 Depositum

Leigebuar betaler eit depositum ved skulestart. Det vert trekk frå depositumet dersom eleven:

  • er skuld i skade på bygningar og utstyr
  • ikkje tek sitt ansvar for reingjering, kjøkenteneste og fellesoppgåver i internatet

 

  • 6.2 Personlege eigedelar

Du har sjølv ansvar for dine eigedelar. Skulen har ikkje ansvar om noko vert borte eller vert skada.

 

  • 6.3 Møblar og inventar

Internatbebuarar er ansvarlege for inventar og utstyr på sitt rom. Av omsyn til branntryggleik og slitasje er det ikkje høve å skifte ut eller flytte på møbler. Dersom flytting/utskifting er ønskeleg må det avtalast med internatleiar. Dette gjeld og fellesrom.

 

  • 7 Overnatting for gjester og medelever

Slekt og vener er velkomne som gjester ved Kongshaug Musikkgymnas og melder frå når ein kjem til skulen. Ved overnatting må eleven gje melding til skulen på førehand. Gjester må fylgje skulen sitt internatreglement og overnatte på tilvist rom. Overnatting på eleven sitt rom er berre tillate i helgene etter avtale med skulen. Dette gjeld både medelevar og gjester. Foreldre og søsken er våre gjester og bur gratis på Kongshaug i skuleåret. Andre gjester betalar etter fastsette takstar for rom og måltid, og betalinga ordnast med kontoret eller internatvakt.

 

  • 7.1 Gjester til overnatting
  • Ved overnatting må eleven gje melding til skulen på førehand. Gjester må fylgje skulen sitt internatreglement og overnatte på tilvist rom
  • Overnatting på eleven sitt rom er berre tillate i helgene etter avtale med skulen. Dette gjeld både medelevar og gjester.

 

  • 7.2 Betaling
  • Foreldre og søsken et og bur gratis på Kongshaug i skuleåret
  • Andre gjester betalar etter fastsette takstar for rom og måltid
  • Betalinga ordnast med kontoret eller internatvakt

 

  • 8 Branninstruks og levande lys

Ved brann eller brannalarm er det viktig at alle elevane følgjer den oppsette instruksen for varsling og evakuering (sjå eige skriv), og rettar seg etter dei meldingane som vert gjevne. Brannvarslar, skilt og sløkkingsutstyr skal berre nyttast når brann vert oppdaga. Bruk av levande lys er ikkje tillate i internata.

 

  • 9 Følgjer av brot på reglementet

Det vert normalt ført merknad når elevar bryt reglementet. Summen av slike merknader kan spela inn når rom skal verta fordelte med tanke på neste skuleår og vil óg takast omsyn til dersom det kjem dit at ein må vurdera om elevane er eigna til å bu på internatet.

Elever som ikkje møter til kjøkkenvakt eller unnlét å vaska fellesareal eller liknande, må sjølv betala den som lyt gjera jobben. Satsar for dette vert fastsette av skulen

Skulens internat er ikkje ein stad der kjærastar overnattar hjå kvarandre medan dei bur i internatet. Elevar som vert oppdaga på feil stad til feil tid, må difor pårekna ein samtale med rektor eller inspektør. Heimen vil vera ein naturleg samarbeidspartnar i slik saker. Elev som etter slike hendingar ikkje vil retta seg etter reglement eller påtale, kan difor bortvisast frå internatet for kortare eller lengre tid. Det same gjeld i saker der rusmiddel er involvert. Styret er ankeinstans i saker som gjeld bortvising for meir enn 3 dagar.

 

 

Vedtatt i styret 13. januar 2016, justert 4. mai 2017, 25. mai 2021 og 15. august 2022

Har du lyst til å bli elev ved Kongshaug Musikkgymnas?