Skip links

Konsertframsyning i Oseana 26. Mars 2022

Kongshaug musikkgymnas presenterer:

DEMOCRATIA

Eit musikalsk skråblikk på demokratiet si historie.

Vi ser det som ein menneskerett å leve i eit demokrati, men kvar kjem denne styreforma frå og korleis oppstod ho?

Kongshaug musikkgymnas inviterer til ei konsertframsyning der vi ser på demokratiet si historie med eit musikalsk skråblikk. Vi vil presentere ulike milepælar i denne historia og belyse dei med musikk som spenner vidt; frå klassisk til listepop, frå musikalar til solid rock. Vi håper det blir ein underhaldande time, men også ei framsyning til ettertanke; kva kan vi gjere for framleis å verne om viktige prinsipp?

Vi har 125 elever på scena i kor og ensemble, og lagar ein festkveld til ære for DEMOCRATIA.

Lørdag 26. mars
Kl. 17:00 og 19:30

Billetter finner du på :

17:00: https://www.ticketmaster.no/event/democratia-billetter/679939

19:30: https://www.ticketmaster.no/event/democratia-billetter/679961